Eg er visst litt treig, men betre seint enn aldri!
Korleis er komunikasjonen mellom deg og vertsfamailien din, har dokke hatt nokon store diskusjonar?
Vertssøstrene mine kan engelsk, så dei er det enkelt å kommunisere med. Vertsforeldra mine kan ikkje like mykje, så der går kommunikasjonen litt treigare, men det går fint! Me pratar italiensk-engelsk, og har ordboka klar når det oppstår problem! Har ikkje vore nokon store diskusjonar nei.
Er lærarane strenge?
Hadde trudd dei kom til å vere strengare, men dei er ganske greie. Det som er litt rart er at nokon av lærarane berre fortset å undervise sjølv om elevane heilt tydeleg ikkje føl med og pratar høgt om andre ting. Mange av lærarane prøver ikkje å roe ned klassen, og dette gjer det litt vanskeleg for oss å jobbe med våre fag i deira klasserom. Dessutan er mange av lærarane UTRULEG frekke! For eksempel: I ein klasse eg var i las ein elev litt dårleg engelsk, og like etterpå sa læraren høgt framfor heile klassen: ?Eg forstår ikkje korleis enkelte i denne klassen har komme seg til fjerde klasse når dei ikkje kan engelsk i det heile.?
Ka skjer viss du går med kle på skulen du ikkje har lov å gå med:)?Då det var varmt nok til å gå med "ulovlege" kle, gjorde eg ikkje det, så eg veit ikkje heilt. Det var nokon av oss som gjekk med kle som var heilt på grensa, men ingen sa noko om det. Eg såg ein del italienarar som gjekk i for lite kle, og eg trur dei berre vart tilsnakka av lærarar.

Savna du grov brød?
Jaaa! Men eg har knekkebrød da, wihuu!
E da ikkje masse ting du savne med Norge, som for eksempel vossafår?
Sakna sjølvsagt ein del, men det er så mykje nytt å prøva her at eg tenkjer ikkje så mykje på det. Mamma tok med vossafår og litt diverse andre ting til meg når ho var på besøk, så akkurat det saknar eg ikkje.
Ka med softisen på mixen på Voss?
Softisen på Voss er veldig god, men den slår ikkje isen her i Italia, for den er sjukt god! 
Syns du da e trist at du ikkje får ve her på kakemann- og julebrus- sesongopningen?
Eg har aldri feira opninga av julebrus- og kakemannsesongen, og eg reknar med at det fortsatt er både julebrus og kakemenn i butikkane til langt uti januar, så eg tek ikkje det så tungt. Det viktigaste er at eg får vere med å bake pepperkaker!!
Har du servert vertsfamilien smalahove?
Nei, det har eg ikkje. Men eg har servert dei graut og taco då!
Ka et dei i Italia, går da mest i pizza, pasta etc, elle ete dei og utenlandsk mat sånn so me?
Me et det meste eigentleg. Det som er mest spesielt er kanskje at me et pasta kvar dag til lunsj! Det har blitt ein del pizza og kan du sei, og ellers så er det mykje forskjellig, men mindre utanlandsk mat enn i Noreg. Dei haddeforresten ikkje høyrt om taco før eg og Jenny lagde det! Snart kjem det eit blogginnlegg om min typiske matdag!
Får de varm lunsj på skulen? I so fall ka? Pizza? pasta?Nei, lunsjpausen er på ti minuttar, men det går an å kjøpe "kald pizza"som eigentleg er foccacia liknande brød med skinke, salami eller ingenting på. Me går heim og et varm lunsj rett etter skulen, altså i totida. Til Jenny si store glede, er det kakaomaskin på skulen! Kakaoen er kjempegod og kostar 4 kroner!
Ka e best: 1)norsk mat 2)italiensk mat(for eksempel pizza og pasta) 3)noko anna(utdjup!)
3) Ein blanding vil eg sei. Eg likar den norske maten, eg likar den italienske maten, og eg likar anna mat. Så eg trur ein blanding er perfekt! Hadde blitt lei av berre det eine eller det andre!
Bruke du mykje peng?
Ja, har brukt ein del, men eg har kontroll. Og eg har nok igjen til julegåver! Trur eg. ehhe..
E da langt å gå til skulen?
Nei, 12 minutt å gå, men me køyrer bil kvar dag, haha!
E vertsfamilien kul? so kul at du kjem t å savna dei? so kul at du kjem t å besøka dei? På ein skala fra en til ti, hva er din rangering av familien?
Vil ikkje rangera familien min, men dei er veldig kule, og eg håpar dei vil komma til Noreg og besøka oss! Og sjølvsagt hadde det vore kjekt å besøka dei igjen!
Har dei piano sånn at du kan dyrka piano- og komponisttalentet ditt der borte?
Mitt piano- og komponisttalent er dessverre litt fråverande, men det er eit ustemt piano på skulen som eg kan bruke. Men det gjer eg ikkje så veldig ofte. Linnéa har gitt Eirik nokre pianotimar då, haha!
Ka fag har du? Har du alle timane med ein italiensk klasse, elle e da litt me berre norske og?
Eg har alle mine norske fag inne i italienske bråkete timar, men eg og dei andre norske sit ein del på eit grupperom for oss sjølve og jobbar i stillheit. (Dvs: me snik oss ut på grupperommet! I dag uttalte læraren vår at ho hadde gitt opp å prøve å få oss til å vere i klasseromma våre, men sidan me oppførte oss så fint, så var det visst greitt at me sat aleine på grupperommet). Eg har spansk med ein italiensk klasse, og læraren snakkar berre spansk. Litt vanskeleg kan du sei. Eg og Jenny har drama med ein dramaklasse to timar i veka, og alle dei norske har to italiensktimar i veka.
Grupperommet <3

Av og til er grupperommet opptatt, og me sit på gangen! 
Savne du dine vossavener? so mykje at du vil spandera ein flybilett til Italia på dei? trur ikkje dei hadde takka nei..berre eit tips! :D
Sakna alltid dikka!! Men ikkje so mykje at eg kjøpe flybillett til dikka, haha!
Er ting billege der borte, samanlikna med her heime..?
Maten er billig, kleda er ikkje spesielt mykje billegare.
Kva vil du sakna mest med Italia når du dreg heim?
Vertsfamilien, vennene eg har fått er nede, fotballlaget mitt, pizza bianca, og å ha så god tid på ettermiddagane!

Kva saknar du mest med Noreg no når du er der borte?
Familien, vennene mine, håndball, norsk mat, og å ha ein heilt vanleg kvardag.
Her er nesten heile vertsfamilien min, og min norske familie! Frå venstre: Chiara, Stefania, pappa, Massimo, meg, Monica, Eirik, Besta og Besta! No saknar eg min norske familie, men etter eg reiser heim kjem eg nok til å sakne den italienske og! 
I helga har eg og Katrine blant anna vore i Bologna, så det kjem eit innlegg om det seinare eller i morgon!